Tariffomlegging 2015-2020

Kundane våre, og Fitjar Kraftlag SA, står framføre store endringar innan måling og avrekning av straumforbruk i åra som kjem.

Det er sett i gong fleire store nasjonale prosjekt inn mot sluttbrukarmarknaden. Dei nasjonale prosjekta har som mål å betra fokus på sluttbrukaren i straummarknaden, og auka konkurranse mellom kraftleverandørane.

Prosjekta skal også leggja til rette for framtidas nett, som ofte blir omtala som til dømes "Smart nett" og "Smart strøm".

Dei to hovudendringane er installasjon av fjernavleste timesmålarar hos kvar enkelt kunde/målepunkt. Dette skal vera utført før 01.01.2019. Dermed vert straumforbruket avrekna time for time, med timepris pr kWh. I dag vert alle vanlege anlegg stipulert etter kor ofte ein sjølv les av målaren.

For meir informasjon om elhub og AMS (Avanserte Måle- og Styringssystemer) viser vi til:

http://elhub.no/

https://www.nve.no/stromkunde/smarte-strommalere-ams/

Smarte straummålarar vil gi forbrukarane bedre informasjon om kraftforbruket deira, ei meir nøyaktig avrekning og gjera det mogleg for automatisk styring av forbruket. Straumkundane vil få høvet til å ta styringa over straumforbruket sitt og bruke straum på ein meir fleksibel, effektiv og miljøbesparande måte.

Inntektsrammer frå NVE

Kvart år fastset NVE inntektsrammer for nettselskapa i Noreg. Dette er den inntekta Kraftlaget kan henta inn på nett-tariffen.

Det er mykje som ikkje er avklart på det tidspunktet tariffane vert fastsett. Dermed vil det alltid vera avvik mellom dei inntektene Kraftlaget hentar inn på nett-tariffen og det som er gjeve i inntektsramma. Dette vert kalla meir-/mindreinntekt. Dersom Kraftlaget hentar inn for mykje vert det meirinntekt, og motsett ved for lite henta inn over tariffen, altså mindreinntekt.

Tariffar

Forbruksmønsteret vert endra over tid, og vil fortsetja å endra seg i framtida. Lading av el-bilar, induksjonstopp, "plusshus", oppvarming av varmt vatn når du brukar det og varmepumper er eksempel på dette.

Dette er nokon av dei endringane i forbruksmønster som kan redusere energibehovet til sluttkundane, og auke effektbehovet.

Dette gjev Kraftlaget auka utfordringar då det er effektbehovet til alle kundane som er avgjerande for dimensjonering i nettet vårt.

Det gjer at me må leggja om tariffane for å møte framtida både med tanke på dimensjon i nettet og dei store nasjonale prosjekta retta mot straummarknaden og "Smarte nett".

Det er også rettferdig at den som nyttar nettet mest, betaler mest, og omvendt. Men det er også ein kostnad med å ha eit anlegg tilknytta nettet sjølv om ein ikkje brukar straum i det heile. Kraftlaget får reduserte inntekter dersom kundane er utan straum, og Kraftlaget må retta opp feilen heilt fram til husveggen, sjølv om kunden ikkje brukar straum.

Desse hovudpunkta talar for ei tariffendring fram mot 2020 der ei innføring av AMS er fullført, og det vil vera nytta tariffar med 3 ledd. Eit fastledd og eit energiledd som i dag, men også eit effektledd, slik som større næring allereie har i dag. Truleg vil fastleddet vera differensiert på effektstørrelse på inntakssikring. Eit døme på dette er at ein kunde med 63 A sikring kan ta ut mykje meir effekt og energi enn ein kunde med 32 A sikring.

Ei endring av tariffane vil ikkje endra inntektsramma til Kraftlaget og dermed ikkje endra inntektene til Kraftlaget. Totalt sett vil kundane ikkje betale meir enn i dag, men det vil bli endringar for enkeltkundar. Med den langsiktige omlegginga, legg me opp til at tariffane skal vera så rettferdige som mogleg. Ein fordel for kundane med denne omlegginga, er lågare fakturabeløp for nettleiga i dei periodane ein brukar mykje straum.

Kraftlaget sin fordel er at vi får ei jamnare inntekt og ein mindre differanse på meir-/mindreinntekta.

Langsiktig endring av tariffar

Kraftlaget er avhengig av å henta inn inntekter på nettdrifta, og må tilpassa sine tariffar med tanke på dette. I 2015 startar Kraftlaget på ei endring av tariffane som vil vara fram til nye tariffar er innført med AMS.

Vi har i 2015 lagt på fastleddet og redusert energileddet, og dette vi vil fortsetja med fram mot 2020. I 2020 reknar me med at timesmåling gjennom innføring av AMS er innført, og at det vil bli innført effektledd. Effektleddet vil truleg redusera både fast- og energileddet.

Kraftlaget vil også etter kvart starta differensiering av hovudsikringar, eit eksempel kan vera som vist under: