Prisar på nettleige

H4 Hushald og mindrenæringsverksemd (inntil 3x125A hovudsikring)

H5 Hytter og liknande

H6 Naust, garasje, hybel med inntil 16 A

T3 Større næringsverksemd

Endring i nettariffane for 2018

Fitjar Kraftlag har planlagd ei langsiktig endring i tariffstrukturen, med aukande fastavgift og redusert energiledd. Dette kan du lesa meir om her. Dette følgjer me opp også i 2018.

Fastleddet er sett opp med kr 625,- på H4 og H5-tariffane, og kr 250,- på H6-tariffen. Energileddet er sett ned med 0,92 øre/kWh.

For større næringsverksemd (T3) er effektprisen sett opp til 485 kr/kW for 0-150 kW og til 455 for o/150 kW .

Forbruksavgift:

Forbruksavgifta (el-avgifta) aukar med 0,26 øre/kWh i 2018, det vart bestemt i statsbudsjettet.

Enova-avgift:

Regjeringa har bestemt at Enova-avgifta skal haldast uendra på 1 øre/kWh for personkundar og kr 800,- pr. målepunkt pr. år for næringskundar. For næringskundar krev nettselskapa inn avgifta som ein del av fastbeløpet, med 1/12 pr. månad.

 

Som nettselskap vil Fitjar Kraftlag vera nøytral overfor alle kraftleverandørar. Me hjelper deg effektivt ved eventuelt leverandørskifte, måling og avrekning. Som nettselskap gjennomfører me leverandørskifter for deg når me får melding om dette, i tråd med reglane i avrekningsforskrifta og retningslinene til Forbrukarrådet.

Fitjar Kraftlag fakturerer hushalds-, hytte- og næringskundar månadleg. Fakturering skjer på etterskot.

Du finn meir informasjon om tariffomlegging 2015-2020 her.