Tips om el-tryggleik

  • Trekk alltid ut støpselet på hushaldningsapparat når dei ikkje er i bruk.
  • Bruk ikkje sterkare pære enn det lampe eller lampeskjerm er merka med.
  • Bruk kun oppvaskmaskin/vaskemaskin/tørketrommel og liknande når nokon er heime og vakne.
  • Ikkje gå frå matlaging på komfyr eller kokeplater, og hugs alltid å slå av etter bruk. Installasjon av komfyrvakt kan hindra brann.
  • Ikkje lad mobiltelefon eller anna elektrisk utstyr om natta.
  • Skøyteleidningar/"padder" bår unngås generelt og spesielt på barnerom. Elektriske apparat over 1000W skal ikkje vera tilkopla skøyteleidning.
  • Bruk fastmonterte lampar og ovnar på barnerom. Hugs at ein lampe som kan velte eller komme i kontakt med dyne, pute eller anna er ei potensiell brannfelle.
  • Ikkje dekk til ovnar, pass og på at gardiner ikkje heng over ovnar.
  • Pass på oppladbare apparat og leiker. Lading utover oppsett ladetid kan medføra overoppheting og brann. Sørg for at lading av apparat og leiker vert utført av vaksne på dagtid og les bruksanvisninga.
  • Sjekk jamnleg sikringsskapet, kjenn etter om nokon av sikringane er varme og/eller har misfarging som kan tyda på varmgong/overoppheting.
  • Om du får elektrisk støt ved å ta på vannkranar og liknande, kan det vera feil på det elektriske anlegget som kan medføra livsfare.
  • Ikkje gjer arbeid på det elektriske anlegget sjølv, kontakt ein elektroinstallatør.
  • Hugs! Du er ansvarleg for den elektriske installasjonen og det elektriske utstyret i huset ditt.
Gasta Design