Kompensasjon ved langvarig straumbrot

Visste du at du kan krevja erstatning (kompensasjon) for straumbrot som varer over 12 timar? Tida begynner å gjelda frå Kraftlaget har fått melding om at du er utan straum.

Kraftlaget har kun kontinuerlig oversikt over høgspent linjenettet, dette gjeld ikkje den enkelte transformator og lavspent-nettet elles. 

For å få utbetalt kompensasjon etter langvarig straumbrot, må du sende inn eit krav til Fitjar Kraftlag SA. Her må du mellom anna oppgi kundenummeret ditt og tidspunkt for straumbrotet.

Det er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) som har innført ordninga.

Satsane for utbetalingar er:

  • kr 600,- frå 12 til 24 timar
  • kr 1 400,- frå 24 til 48 timar
  • kr 2 700,- frå 48 til 72 timar
  • + kr 1 300,- for kvar påbegynte 24-timars periode

Dersom straumen kjem og går, reknast straumbrotet som samanhengande dersom straumen er tilbake mindre enn 2 timar mellom kvart straumbrot.

For fritidsbustader kan det ikkje krevjast meir i kompensasjon enn det som er forventa årleg nettleige.

Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar

Nedanfor kan du melde inn krav om kompensasjon innan rimeleg tid. NVE reknar to månader som rimeleg tid.

Meld inn krav om kompensasjon for straumbrot

Kundeinformasjon
Navn: *
Navn:
Kvar skjedde straumbrotet?
Informasjon om straumbrotet:
Gasta Design