DLE - Det Lokale Elektrisitetstilsyn

120619_mg_9230sikringsskap.jpg

Dei fleste everk/nettselskap er med heimel i el-tilsynslova pålagt å føre tilsyn innanfor sitt forsyningsområde. 
Det lokale eltilsyn (DLE) er ein del av det offentlege tilsynsapparatet for elsikkerhet og er fagleg underlagt Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB).

Meir informasjon finn du på DSB sine sider

DLE har som hovudoppgåve å driva førebyggjande el-tryggleiks arbeid. Fitjar Kraftlag vil utføra kontrollar av elektrisk anlegg ved hjelp av eige eller innleigd fagpersonell, ut frå årleg instruks frå DSB. Me har også informasjon retta mot skular, og vi deltek på arrangement som "Open brannstasjon" for å nå ut med informasjon om el-tryggleik.

Ved tilsyn vil vi gå gjennom det elektriske anlegget. Anlegget vert kontrollert med utgangspunkt i Forskrift for elektriske lavspenningsanlegg (FEL). Me ynskjer at du deltek aktivt under kontrollen, og at du i forkant har tenkt gjennom om du har, eller har hatt, problem med det elektriske anlegget eller elektriske apparat. Dette vil me i så fall fokusera spesielt på. Ved hjelp av dine innspel kan dermed kvaliteten på vår kontroll aukast.
Verksemder blir i tillegg til den elektriske kontrollen (ihht. FEL) også kontrollert etter Forskrift om helse, miljø og sikkerhet i virksomheter (internkontroll).

Etter kontrollen deler me ut ein brosjyre om el-tryggleik og informerer litt rundt dette. Me informerer og om eventuelle funn som må utbetrast. I etterkant skriv me ein rapport som vert sendt til deg som kunde.

Dersom kontrollen ikkje har avdekka feil/manglar vil det framgå av rapporten og saka vert avslutta.

Har kontrollen avdekka feil/manglar vil du få eit "Varsel om vedtak" med ein frist for tilbakemelding, dette for at du som kunde skal kunne klage på vedtaket etter Forvaltningslova §16. (Ved ny-installasjonar vert det også sendt ein kopi til ansvarleg installatør).
Du som kunde må då kontakta ein installatør for å få utbetra feil/manglar. Etter at installatør er ferdig med arbeidet, beskriv han rettingsarbeidet og signerer for dette på rapporten, og sender den tilbake til oss. Saka vert så avslutta.

Dersom vi ikkje mottar signert rapport i retur frå installatør innan fristen for tilbakemelding er gått ut, blir det fatta eit "vedtak" med frist for retting av feil/manglar. Om vedtaket ikkje vert fulgt opp, sender me "purring" med ny siste frist. Etter dette vert saka vurdert oversendt til DSB med anmodning om bruk av økonomiske sanksjonar (tvangsmulkt).

Hovudfokuset vårt er at installasjonen skal vera sikker.
Diverre er det slik at over 40% av alle bustadbrannar har elektrisk årsak eller skuldast feil bruk av elektrisk utstyr.
I brosjyren «Er ditt hjem elsikkert?» frå DSB finn ein gode råd til korleis ein kan unngå brannfare, faresignal ein bør vera obs på i sitt eige anlegg, samt kva ein har lov til å gjere sjølv.

Har du spørsmål ang. kontrollar, vedtak eller anna tilknytta DLE, ta kontakt med Fitjar Kraftlag.
Kontaktperson Hans Christian Helland, tlf.53 45 76 07